Rogne er ei bygd (sokn) i Øystre Slidre kommune i Valdres; 960 innbyggarar (2024). Rogne er den synste bygda i kommunen, omkring sjøane Volbufjorden (434-431 meter over havet) og Hovsfjorden (427 meter over havet). Det meste av busetjinga er langs fylkesveg 51 på austsida av vassdraget.

Faktaboks

Uttale

r'øgne

Etymologi

truleg av norrønt *(h)rogn ‘langaktig berg- eller jordrygg’

Jord og skogbruk er viktige næringar. Elles er bryting av skifer ein tradisjonsrik og viktig industri i Rogne.

Rogne kyrkje er ein lafta oktogon, oppført i 1857 etter teikningar av Christian H. Grosch.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg