Perseus

Perseus slik stjernebiletet framstår på natthimmelen. Korleis linjene i eit stjernebilete blir teikna, kan variere mellom ulike kjelder.

Perseus
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Perseus er eit stjernebilete på den nordlege himmelen, nær Kassiopeia. Stjernebiletet er oppkalla etter Persevs frå gresk mytologi.

Faktaboks

Uttale
pˈerseus
Etymologi
namn etter segnhelten Persevs
Også kjend som
latin Perseus; forkorting: Per

Tre av dei klaraste stjernene, Mirfak, Algol og Delta Persei, dannar ein avlang trekant. Algol er dessutan eit berømt døme på ei formørkingsvariabel stjerne.

I Perseus kan ein sjå ein lys flekk som i kikkert viser seg å vere to praktfulle, opne stjernehopar, som er kjent som Dobbelthopen. Dei er 7500 lysår frå oss.

Meteorsvermen Perseidane har radiasjonspunktet sitt i Perseus og har maksimal aktivitet rundt 13. august.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg