Oslo Volley er ein volleyballklubb frå Oslo. Klubben har senioravdeling med fleire lag for både kvinner og menn, i tillegg til lag i alle aldersgrupper. Oslo Volley driv med volleyball både innandørs og utandørs, og klubben har vunne ei rekke norske meisterskap i innandørs volleyball.

Oslo Volley spelar heimekampane sine på Nydalen videregående skole. Klubben disponerer eigne sandvolleyballbanerNordstrand.

Historie

Oslo Volley er ei vidareføring av KFUM Oslo sine elitelag i volleyball for kvinner og menn. Volleyballen hadde i mange år spelt ei sentral rolle i KFUM Oslo, med til saman fire NM-titlar og to seriemeisterskap sidan starten i 1939. Elitelaga vart i 1999 skilde ut som eige idrettslag og fekk namnet Oslo Volley.

KFUM Oslo skulle drive aktiviteten innanfor aldersbestemt volleyball vidare, men denne ordninga smuldra etterkvart opp. I 2005 starta Oslo Volley opp med volleyballtreningar for barn og unge på Kastellet skole, og sidan har klubben også hatt stor junioraktivitet.

I 2012 vart Oslo Volley sitt kvinnelag nordiske klubbmeistrar. Den same sesongen tok dei NM-gull og sølv i eliteserien, og i 2013 tok Oslo Volley gull i eliteserien for kvinner.

Merittar

  • NM-titlar for kvinner: 2012, 2013, 2015 og 2017
  • Seriegull for kvinner: 2013
  • Nordiske meistrar for kvinner: 2012
  • NM-titlar for menn: 1980

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg