Ole Danbolt Mjøs

Faktaboks

Ole Danbolt Mjøs
Født
8. mars 1939, Bergen, Vestland
Død
1. oktober 2013, Tromsø

Artikkelstart

Ole Danbolt Mjøs var ein norsk professor, universitetsrektor og politikar. Han var rektor ved Universitetet i Tromsø frå 1989 til 1995. Han er kjend som leiar av regjeringsutvalet for høgare utdanning (Mjøs-utvalet) frå 1998 til 2000 og som leiar av Den norske nobelkomiteen frå 2003 til 2008.

Mjøs var fødd i Bergen og voks opp som presteson på Stord. Han vart cand.med. frå Universitetet i Bergen i 1964 og dr.med. frå Ullevål sjukehus i 1972. Frå 1967 spesialiserte Mjøs seg i hjarteforsking, og frå 1974 bygde han opp eit sterkt fagmiljø i medisinsk fysiologi ved Universitetet i Tromsø.

I heile sitt vaksenliv var Mjøs engasjert i kyrkje-, samfunns- og fredsarbeid. I Tromsø vart han raskt kjend for omsorga han synte for alkoholikarar og narkomane. Han hadde mange periodar bak seg i Tromsø bystyre (for KrF), Tromsøysund sokneråd, Nord-Hålogaland bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

Mjøs var rektor ved Universitetet i Tromsø i 1989–1995 og leidde regjeringsutvalet for høgare utdanning (Mjøs-utvalet) i 1998–2000. Utvalet si innstilling låg til grunn for kvalitetsreformen i 2001. I seksårsperioden 2003–2008 var han leiar for Den norske nobelkomiteen. Gjennom heile karrieren var han ein profilert nynorskbrukar. Frå 2002–2013 var Mjøs styreleiar for Senter for fredsstudium ved Universitetet i Tromsø. Mjøs var også professor emeritus (frå våren 2009) ved institusjonen og heldt fram engasjementet for helse og fred så lenge han levde.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg