Næmingen

Artikkelstart

Næmingen er eit nynorsk barneblad som kom ut på Svorkmo i Trøndelag frå 1898 til 1906. Det meste av stoffet var skrive av borna sjølve.

Læraren Konrad Magnus Elda (1855–1955) høyrde til det nynorske kulturmiljøet i Trøndelag, og Næmingen var eitt av mange bladtiltak som han fekk i gang. Hovudføremålet var at skuleborn skulle få skriveøving og samstundes oppleve gleda av å formidle til kvarandre. Elda prenta først tekstar av sine eigne elevar, men bladet fekk snart tingarar og stoff frå store delar av landet.

Jenter og gutar sende inn dikt, segner og små forteljingar. Dei handla oftast om hendingar som borna opplevde inne og ute, i heimen og på skulen. Det første året var somme tekstar på dansk-norsk, men seinare vart alt prenta anten på dialekt eller på landsmål.

Næmingen hadde på det meste rundt 2000 tingarar, men etter kvart som nynorsken fekk ein etablert og meir sjølvsagd plass i skulen, synest det som om interessa for bladet minka.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg