Faktaboks

Mudanjiang
kinesisk: 牡丹江市

Mudanjiang er ein by i Kina som ligg i Nordaust-Kina og i søraustre del av provinsen Heilongjiang, 240 kilometer nordvest for Vladivostok, ved Mudanjiang-elva, som er ei bielv til Songhuajiang (Sungari).

Den har 2 800 000 innbyggere (2021). Det er ein industriby med stor gummiindustri, og er Kinas største produsent av bildekk. Det finst også aluminiumverk, petrokjemisk industri og kjemisk industri med meir. Byen er eit trafikknutepunkt.

Mudanjiang veks opp etter bygginga av den austkinesiske jernbanen i 1908, og har ekspandert sterkt sidan 1949. Byen har flyplass. Industrien får elektrisk kraft frå vasskraftverket ved Jingpohu-dammen ved elva Mudanjiang.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg