Leirvik (tettstad på Stord)
Faktaboks
- Innbyggjartal
- 14 500 (SSB, 2023)
- Landareal
- 10,3 km²
- Tettstadsnummer
- 5053 Leirvik
Historikk
Tettstaden Leirvik omfattar heile det bymessig utbygde området frå Valvatna, ein tidlegare sjølvstendig tettstad mellom Leirvik og Sagvåg i sørvest, til Øvre Kyvik i nordaust. Leirvik har sidan 1997 – etter kommunalt vedtak og seinare departemental godkjenning – rett til å kalla seg by. Bystatus etter kommunale vedtak har likevel ikkje nokon forvaltingsmessige eller rettslege konsekvensar utanom det som allereie høyrer til tettstadsstatusen.
Leirvik er prega av industriverksemd, dominert av verkstadindustri med mellom anna Kværner Stord AS og Apply Leirvik AS.
Frå Skjersholmane like utanfor tettstaden i sør har tettstaden bilferjesamband til Ranavik på Halsnøya, einskilde dagar også til Utbjoa i Vindafjord, Sydnes på Halsnøya, Borgundøya og Fjelbergøya. Leirvik har snøggbåtsamband til Sunnhordland, Austevoll og Bergen, og tettstaden er stoppestad på bussforbindelsen Bergen–Stavanger/Sandnes.
Kultur og utdanning
Høgskulen på Vestlandet (HVL) har fleire studietilbod på Rommetveit (Campus Stord), mellom anna lærar- og sjukepleiarutdanning. Stord vidaregåande skule har mange studieretningar. I Leirvik ligg Stord sjukehus under Helse Fonna HF (sjå helseforetak), og tettstaden har er eit stort kulturhus med to kinosalar og symjehall. I Leirvik kjem avisa Sunnhordland ut. Sunnhordland tingrett har sete i Leirvik.
Leirvik har ein del turisttrafikk. Her ligg Sunnhordland museum med Ådlandsstova, ei årestove frå mellomalderen. Hystadmarka i nordaust har 12 gravrøyser, og i eit par av dei er det gjort rike funn frå bronsealderen.
Stord kyrkje ligg sentralt i tettstaden, like ved munninga av Frugardselva; kyrkja er bygd i mur og oppførd i 1857, restaurert i 1957. Kyrkja har langplan og har 400 sitjeplassar.
Kommentarar (2)
skreiv Sverre Olav Lundal
skreiv Geir Thorsnæs
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.