Faktaboks

Leif «Basse» Hveem
Leif Ole «Basse» Hveem
Fødd
29. mars 1920, Oslo
Død
23. juli 1964, Oslo
Leif Hveem

Leif «Basse» Hveem. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Leif Hveem
Av /NTB Scanpix ※.

Leif «Basse» Hveem var ein norsk motorsportsutøvarmotorsykkel. Han sette fleire banerekordar i Noreg og andre europeiske land, og vart europameister på langbane i 1957.

Bakgrunn

Leif Hveem voks opp i Oslo og vart tidleg oppteken av syklar og motor. På «eigen» verkstad i eit rom ved sida av vaktmeistarbustaden på Aars og Voss’ skule mekka han fyrst på vanlege tråsyklar, seinare på motorsyklar. Allereie som 14-åring reparerte han ein gammal og øydelagt Atlas og hadde sine fyrste ulovlege prøveturar i Maridalen.

Han var ferdig med skulen etter sjuande klasse og jobba då ei tid på verkstad, seinare som visergut i ein tørrkopieringsanstalt. Men mesteparten av tida brukte han til køyring, skruing, pussing, smøring og trimming av motorsyklar.

Motorsport

Som 15-åring meldte Hveem seg inn i junioravdelinga i Norsk Motor Klubb/Oslo. «Basse» Hveem tok sigeren i sitt fyrste noregsmeisterskap som 17-åring i 1937. I perioden 1937–1957 tok han 18 norske meisterskap: ti på langbane og åtte i speedway. Han vart individuell nordisk meister på langbane åtte gonger, og i speedway (dirt-track) fire gonger i perioden 1946–1957.

Under andre verdskrigen var Hveem norsk motorsykkelordonnans og var med på invasjonen i Normandie. Han deltok på alliert side ved fronten fram til krigens slutt våren 1945.

«Basse» Hveem var ein perfeksjonist, både på utstyrssida og teknikksida. Han bygde om syklane sine sjølv slik at dei skulle passa løpstype og bane, og han var svært oppteken av korleis ein skulle køyra best muleg teknisk og effektivt. På den andre sida var «Basse» Hveem vågal, noko som kunne ha kosta han livet i 1946. På eit kveldsstemne på Bislett i 20 kuldegrader vart han slengt av sykkelen og trefte med magen rett mot ein isvoll. Sykkelen på 120 kg kom bak og trefte han i ryggen. Resultatet vart store indre skader, fjerning av ei nyre og sprekk i leveren.

Hveem var med på å auke interessa for motorsykkelløp. Under nordisk meisterskap på langbane i 1946 på Bjerkebanen i Oslo – eit løp som han vann – var dåverande kronprins Olav ein av dei 25 000 tilskodarane.

Hveem var ein populær motorsykkelkøyrar, særleg i Noreg og i Sverige. Etter eit fantastisk løp på Solvallabanen utafor Stockholm i 1947, der han slo sine nordiske konkurrentar med ti sekund, og samtidig slo den ni år gamle rekorden til austerrikaren Martin Schneeweiss, vart han tildelt den høgt verdsette Morgenbladets gullmedalje. I svenske aviser vart han kalla «Nordens uinnskrenkede racerkonge». Denne uoffisielle tittelen bar han fram til midten av 1950-åra.

Mot slutten av tiåret måtte han gje opp konkurransekøyring på motorsykkel, men motorar interesserte han framleis. I ein periode var det bilsporten som opptok han. Han deltok både i nasjonale og internasjonale løp. Seinare tok han flysertifikat og hadde sitt eige sportsfly.

Les meir i Store norske leksikon

Utgjevingar

  • På 2 hjul, 1949

Litteratur

  • To nekrologer i Aftenp. 24.7.1964, ved Op og Werner Lorentzen
  • R. Bryhn og K. A. Tvedt (red.): Kunnskapsforlagets idrettsleksikon, 1990

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg