Artikkelstart
Landnámabók, eller «boka om landnåmet», er eit verk som fortel om dei som busette seg på Island i landnåmstida, i perioden frå kring 870 til 930. Landnámabok er utforma i fleire versjonar frå 1100- til 1300-talet.
Faktaboks
- Også kjent som
-
Landnåmsboka, Landnåmsboken, boka om landnåmet
Landnámabók gjev opplysningar om kvar busetjarane kom frå, kva slekt dei høyrde til og kvar dei busette seg. Det blir rekna opp omlag 430 busetjarar. Størsteparten av Landnámabók er genealogiar, men det er fletta inn forteljingar, blant anna ei om korleis Island vart oppdaga.
Dei første oppteikningane om landnåmet vart gjorde av Are Frode og andre tidleg på 1100-talet. Tidleg på 1200-talet skreiv Styrme Frode ei Landnámabók som no er tapt, men som ligg til grunn for yngre omarbeidingar.
Landnámabók er overlevert i fleire ulike versjonar:
- Sturlubók, skriven kring 1280 av Sturla Tordsson
- Hauksbók, skriven 1306–1308 av lagmannen Hauk Erlendsson
- Melabók frå 1300-talet, oppkalla etter Melar ved Akranes, der boka vart skriven
Landnámabók finst dessutan i to versjonar frå 1600-talet som delvis er sette saman på grunnlag av dei andre versjonane vi kjenner til, og delvis på grunnlag av no tapte versjonar.
Landnámabók er eit særeige vitnemål om den historiske sansen hjå islendingane og er eineståande i sitt slag i verdslitteraturen.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.