Faktaboks

Kjell Egil Olborg Bakkelund
Fødd
18. juli 1988, Gjøvik
Kjell Egil Bakkelund er fleire gongar verdsmeister i styrkeløft. Her er han i aksjon under VM i 2021.

Kjell Egil Olborg Bakkelund er ein norsk styrkeløftar som representerer Oslo SK. Han har tatt fleire kongepokalar, fleire gull i EM og fem gull i VM. Han er den mestvinnande nordmannen i VM-samanheng innan styrkeløft.

Merittar

  • Verdsmeister med utstyr i 2013, 2019, 2021 og 2022
  • Verdsmeister utstyrsfritt i 2017
  • Europameister med utstyr i 2013, 2014, 2019 og 2022
  • Europameister utstyrsfritt i 2018
  • NM-gull og kongepokal i 2013, 2015, 2018, 2019 og 2022
  • Gull i World Games 2022

Karriere

Kjell Egil Bakkelund på toppen av sigerspallen under VM i 2021.

Kjell Egil Bakkelund byrja å konkurrere i styrkeløft i 2007, og sidan har han vore å rekne med blant dei aller beste utøvarane i Noreg.

Han er opphaveleg frå Gjøvik, men har konkurrert både for Brumunddal Atletklubb, Sande Kraftsportklubb og Oslo Styrkeløftklubb.

Bakkelund debuterte på internasjonalt toppnivå i 2009, då han vart nummer seks i både junior-EM og junior-VM. Han vart verdsmeister for juniorar i 2011.

Bakkelund tok sitt første gull i senior-NM i 2012, men det var 2013 som vart det store gjennombrotsåret. Det året vann Bakkelund først EM-gull i mai, før han tok sølv under World Games i juli og avslutta året med å bli verdsmeister i Stavanger i november.

Kjell Egil Bakkelund vart i november 2014 utestengd frå det norske landslaget til og med 1. januar 2016 etter eit påstått brot på det interne regelverket i Norges styrkeløftforbund.

Etter å ha tatt nye VM-gull i 2019 og 2021, vart han i 2022 verdsmeister med utstyr for fjerde gong. Det var då ni år sidan han tok sitt første VM-gull – og også denne gongen skjedde det i Stavanger.

Bakkelund står per november 2021 med dei norske rekordane samanlagt både i 74- og 83-kilosklassen. Dei er på høvesvis 900,0 og 942,5 kilo. Han har også noregsrekordane i begge klassane i knebøy og markløft.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg