Knebøy

Med vekter på skuldrene, er målet for utøvaren å bøye seg ned til låra er vassrette og så reise seg opp att til kroppen er i rak posisjon.

Knebøy er ei vanleg styrkeøving for mosjonistar og idrettsutøvarar i andre idretter enn styrkeløft.

Knebøy
Av .
Alexander Kirketeig i øvinga knebøy under EM i 2005
Den norske landslagsutøvaren Alexander Kirketeig i knebøy under EM.
Av /Norges Styrkeløftforbund.

Knebøy er ei øving i kraftidretten styrkeløft. Utøvaren har vekter på skuldrene, og målet er å bøye seg ned til låra er vassrette, og så reise seg opp att til kroppen er i rak posisjon.

I knebøy står utøvaren med ei stong med vektskiver plassert over skuldrene. Etter signal frå dommaren skal han bøye knea til overkanten av låret er under knehøgde. Deretter skal han komme seg opp frå denne posisjonen og tilbake til utgangsposisjonen.

I styrkeløft har utøvarane tre forsøk, der eitt av løfta må vere godkjent for å få ein totalsum i konkurransen samanlagt. Det er tre dommarar som dømmer, og minst to av desse må godkjenne løftet for at utøvaren skal få det godkjent. Deltakaren som løftar den tyngste vekta vinn konkurransen.

Knebøy er ei vanleg øving i mosjon- og styrketrening. I konkurransesamanheng er det vanleg å bruke belte, knebind og knebøydrakt.

Dei to andre øvingane i styrkeløft er benkpress og markløft.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg