Marløft
I markløft ligg stonga med vektskiver på bakken. Utøvaren tek tak i stonga og løftar til han står med strake bein og strak overkropp. Skuldrene skal vere trekte tilbake for å få løftet godkjent. Markløft er også ei vanleg styrkeøving i breiddeidrett.
Marløft
Av .
styrkeløft (Torkel Ravndal)

Styrkeløft. Torkel Ravndal under konkurranse i Oslo 1970, der han løftet 369 kilo i markløft og vant over sin utfordrer Don Cundy (sittende til høyre).

Av /NTB Scanpix ※.

Markløft er ei øving i kraftidretten styrkeløft. Målet er å løfte ei stong med vektskiver frå bakken og opp i ein posisjon der utøvaren står med strak kropp.

I markløft ligg stonga med vektskiver på bakken. Utøvaren tek tak i stonga og løftar til han står med strake bein og strak overkropp. Skuldrene skal vere trekte tilbake for å få løftet godkjent. På signal frå dommaren skal vektstonga setjast kontrollert ned att på bakken.

Styrkeløftaren kan sjølv velje kva grep han vil bruke på stonga. Medan einskilde brukar overtak med begge hender, vel mange å bruke styrkeløftgrep der løftaren har undertak med den eine handa og overgrep med den andre. I markløft er det vanleg å bruke belte og markløftdrakt.

I styrkeløft har utøvarane tre forsøk, der eitt av løfta må vere godkjent for å få ein totalsum i konkurransen samanlagt. Det er tre dommarar som dømmer, og minst to av desse må godkjenne løftet for at utøvaren skal få det godkjent. Deltakaren som løftar den tyngste vekta vinn konkurransen.

Dei andre øvingane i styrkeløft er benkpress og knebøy.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg