Juliane Rui

Faktaboks

Juliane Rui
Født
21. mars 1982, Vestfold og Telemark

Artikkelstart

Juliane Rui er lyrikar og skriv tankevekkjande og underfundig om det som er smått, nært og kvardagsleg, men som kanskje viser seg å ha størst verdi.

Bakgrunn

Juliane Rui er fødd i Vestfold og Telemark. Av utdanning har ho bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap frå Høgskolen i Oslo og Akershus (no OsloMet) (2010). Rui arbeider som forfattar på heiltid.

Forfattarskapen

Natur og menneske, lys og skugge, kjenneteiknar Rui sine tekstar. Ho nyttar bilete frå dagleglivet, naturen, årstider, vêr og alt ein kan sanse i naturen. Dikta gir ei kjensle av både tidløyse og det å vere til stades der ein er. Rui skildrar nære opplevingar og observasjonar. Språket er knapt, levande og energisk, er rikt på meining og har mange overraskande formuleringar.

Forfattaren debuterte med diktsamlinga Den hesten er av snø (2011). Her smeltar årstid, ville dyr, mørket, lyset og eg‑et saman i uvanlege og nyskapande samanhengar. Tematikken stille og natur vert uttrykt med engasjement og viljestyrke. I 2012 gav Rui ut ei ny samling, Systrer kan bli like gamle, som handlar om barndom, søsken og familie. Den tredje diktsamlinga, Aude så rørsle kan synast (2017), skildrar naturen som aude, ved hjelp av element som vinter, snø og stille. Men samstundes er der liv, og kanskje eit håp. Også dei heilt små dyra, som børsteormar og fluger, får merksemd og vert verdsette av forfattaren. Samlinga er ei undring over og ei hylling av alt levande og ikkje-levande i naturen. Kjensla av det aude er meint som ei åtvaring til mennesket om at slik kan det verte. Dikta er enkle i form og innhald, men metta med ei større og utvida meining.

Stipend

Rui fekk Bokhandelens forfattarstipend i 2018 for diktsamlingane sine.

Bibliografi

  • Snurr mi eng (Lyrikk, Samlaget, 2020)
  • Aude så rørsle kan synast (Lyrikk, Samlaget, 2017)
  • Den hesten er av snø (Lyrikk, Samlaget, 2011)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg