Faktaboks

Jonas Kvalen
Fødd
6. juni 1992, Volda
Jonas Kvalen saman med lagkameratar i ein kamp for det norske landslaget.

Jonas Kvalen er ein profesjonell volleyballspelar frå VoldaSunnmøre. Han har spelt for ei rekkje utanlandske klubbar og er sentral på det norske landslaget.

Karriere

Jonas Kvalen starta å spele volleyball i åtte-ni-årsalderen i KFUM Volda, og han reiste tidleg frå moderklubben for å satse på idrett. Han gjekk først ToppVolley Norge på Sauda vidaregåande skule, før han i 2011 melde overgang til Førde Volleyballklubb i eliteserien. Der vann han cupfinalen og vart nordisk meister same året.

Målet hans hadde heile tida vore å bli proffspelar, og i 2012 fekk han kontrakt med den polske klubben Indykpol Olsztyn. Han var andreoppleggjar, sleit med å tilpasse seg nivået og fekk ikkje alle verda med speletid.

Han reiste tilbake til Noreg og spelte for Førde, der han var innom fleire posisjonar på laget og spelte for landslaget. Etter sesongen valde han å takke ja til eit tilbod frå Argex Duvel Puurs i Belgia. Det var starten på eit lengre samanhengande proffopphald i ei lang rekke klubbar i utlandet.

Kvalen var tiltenkt ei rolle som oppleggjar, men på grunn av skader på det belgiske laget vart han omdisponert og brukt som diagonalspelar. Han vart då blant dei mestscorande spelarane i serien, og etter sesongen vart han i 2015 henta av konkurrenten Prefaxis Menen.

Han spelte deretter ein sesong for Basi Grafiche Lagonegro på nest øvste nivå i Italia, før vegen gjekk vidare til Lausanne i Sveits. Der tok han seriegull to år på rad.

I løpet av opphaldet i Sveits byrja han å spele kant, og det var som kantspelar han i 2019 vart henta til Greenyard Maaseik i Belgia. Han var eigentleg eit fjerdeval før sesongen starta, men Kvalen spelte seg raskt inn på laget.

Med Greenyard Maaseik vann Kvalen fire av seks kampar i gruppespelet i Champions League, før avansementet glapp med små marginar. Mot Halkbank Ankara vart han kåra til den mest verdifulle spelaren i kampen.

Han vart ikkje samd med belgiarane om ny kontrakt, men fekk sommaren 2020 tilbod frå tre klubbar i Tyrkia. Han takka ja til Tokat Belediye Plevnespor, der han spelte éin sesong.

I 2021 signerte Kvalen først på ein kort kontrakt med Al Ain Club i Dei sameinte arabiske emirata, før han gjekk til FC Tokyo tidleg på hausten. Det var den tredje proffklubben hans i same kalenderår, og han var då éin av ti utlendingar i den japanske toppserien. FC Tokyo enda på åttandeplass i serien.

Sommaren 2022 returnerte Kvalen til polsk Plusliga. Han signerte for ukrainske VC Barkom Kazhany Lviv, som sesongen 2022-2023 har base i Krakow og spelar i den polske toppserien. Sunnmøringen kom i januar den sesongen med på vekas lag i Plusligaen.

Sommaren 2023 skreiv Kvalen under for polske Asseco Resovia Rzeszów, men opphaldet i toppklubben vart kort. 1. desember annonserte partane at dei hadde blitt samde om å avslutte kontrakten. Dagen etter vart det kjent at nordmannen var henta inn for å forsterke GKS Katowice, som låg nest sist på tabellen etter ni serierundar i Plusligaen.

Landslag

Jonas Kvalen i angrep for Noreg
Jonas Kvalen smashar i ein landskamp mot Israel.
Jonas Kvalen i angrep for Noreg

Jonas Kvalen stod hausten 2022 registrert med 43 kampar for det norske seniorlandslaget for herrar.

Merittar

  • NM-gull i sandvolleyball i 2021
  • Seriegull i Sveits i 2018 og 2019
  • Bronse i den belgiske serien i 2016
  • Bronse i Challenge Cup i 2016
  • Norsk cupmeister i 2011

Klubbar

  • KFUM Volda (–2011)
  • Førde VBK (2011–2012 og 2013–2014)
  • Indykpol AZS Olsztyn, Polen (2012–2013)
  • VC Argex Duvel Puurs, Belgia (2014–2015)
  • Prefaxis Menen, Belgia (2015–2016)
  • Basi Grafiche Lagonegro, Italia (2016–2017)
  • Lausanne UC, Sveits (2017–2019)
  • VC Greenyard Maaseik, Belgia (2019–2020)
  • Tokat Belediye Plevnespor, Tyrkia (2020–2021)
  • Al Ain Club, Dei sameinte arabiske emirata (2021)
  • FC Tokyo, Japan (2021–2022)
  • VC Barkom Kazhany Lviv, Ukraina (2022–2023)
  • Asseco Resovia Rzeszów, Polen (2023)
  • GKS GieKSa Katowice, Polen (2023-)

Les meir i store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg