Høyanger (tettstad)

Høyanger 1928.

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Høyanger er ein tettstad i Høyanger kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,3 km², og har 2002 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
2002 (SSB, 2020)
Landareal
1,3 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
5526 Høyanger

Høyanger er administrasjonssenter i Høyanger kommune.

Høyanger er ein industristad. Høyanger Metallverk (Norsk Hydro) produserer mellom anna råaluminium. Kværner ASA driv industrielt vedlikehald for Hydro Aluminium.

Høyanger har videregåande skule, kontor for sorenskrivaren i Ytre Sogn og arbeidskontor for Ytre Sogn. Det finst òg symjehall og idrettsanlegg. Storgata går opp frå kaia og ender ved ei kyrkje frå 1960.

Historikk

Industrieigarane Sigurd Kloumann og co., i samarbeid med arkitektane Morgenstierne og Eide, utarbeidde reguleringsplan for den nye industribyen i 1917. Dampskipskaia var innfallsporten til ein lys og romsleg hageby.

I perioden frå 1972 til 2018 produserte bilfelgfabrikken Fundo opptil ein halv million aluminiumsfelgar per år.

Kart

Høyanger
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg