Håland er ein tidlegare kommune i Rogaland på nordsjøkysten vest for Stavanger og Sandnes. Kommunen vart oppretta i 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret.
Kommunen vart i 1930 delt i kommunane Madla og Sola, med Madla på nordsida og Sola på sørsida av Hafrsfjorden. Håland kommune hadde 4463 innbyggjarar ved delinga. Madla vart i 1965 ein del av Stavanger. Sola har hatt uendra grenser sidan 1930.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.