Faktaboks

Florence Marryat
Fødd
9. juli 1833, Brighton, England
Død
27. oktober 1899, London, England
Florence Marryat

Florence Marryat var ein engelsk forfattar av romanar og andre bøker i siste halvdel av 1800-talet. Mange av romanene blei bestseljarar og også omsett til norsk i hennar levetid.

I motsetnad til faren, Frederick Marryat, som framleis blir omsett til norsk, er Florence sin popularitet avgrensa til dei femti åra mellom 1870 og 1920, og ho er i liten grad lest og hugsa i dag.

Bakgrunn

Florence Marryat var dotter til forfattaren Frederick Marryat, og skreiv også ein biografi om faren. Sjølv om ho er kjent under jentenamnet var ho gift og skilt to gonger, og levde siste perioden av livet med ein tredje mann. Ho hadde åtte born, og budde også nokre år i India med den første mannen.

Forfattarskap

Ho var ein svært produktiv forfattar med omlag 70 bøker, og var også aktiv som skodespelar, forelesar, og redaktør.

Sensasjonsprega romanar

Romanane hennar vart svært populære med sine sensasjonelle plott, men av same grunn kritisert for å drive publikumsfrieri. Dei kan handle om mord, incest og utruskap, og vekte oppsikt mellom viktoriatidas lesarar.

Spiritisme

I siste del av livet vart Marryat opptatt av spiritisme og seansar, og har seinare blitt hugsa ikkje minst for eit par bøker om dette, som There is No Death (1891) og The Spirit World (1894).

Omsettingar til norsk

Florence Marryat er eit namn som går igjen i norske boksamlingar og bibliotekskatalogar frå den første omsettinga kom i 1875 til den siste markerte slutten for hennar popularitet i 1921. Fleire av omsettingane gjekk som føljetongar i avisene rundt i landet. I tillegg vart andre av romanane også lest på engelsk i norske leseselskap. Dei fleste av omsettarane er anonyme, med unntak av ein av den populære norske romanforfattaren og redaktøren Karen Sundt.

Dei tolv norske omsettingane er:

  • Everil (1875)
  • En stjerne og et hjerte (1876)
  • Francis Iredale (1877)
  • Charles Lennox (1878)
  • En lille Stedsøn (1878)
  • Trofast Kjærlighed (udatert, 1880-talet)
  • Hældig! Fortælling (1884)
  • Susie (1885)
  • Sydens datter (1888). Omsett av Karen Sundt.
  • Fætter Alick (1899)
  • Creolerinden (1909)
  • Phyllis' skilsmisse (1921)

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Palmer, Beth, Women's Authorship and Editorship in Victorian Culture: Sensational Strategies, Oxford University Press, 2011.
  • Terra Walston, Joseph, 'Imperial Anxiety and the Failure of Emancipation in Florence Marryat's Fin-de-Siècle Fictions', English Literature in Transition, 1880-1920, 2018, Vol.61(2), 189-210.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg