Erling Indreeide

Faktaboks

Erling Indreeide
Født
20. april 1945, Eidsdal i Fjord, Møre og Romsdal
Erling Indreeide er ein poet som i dikt og essayistikk gjer filosofiske undersøkingar av språk, natur, sivilisasjon og nyttetenkinga i samtida.
Av /Forlaget Oktober.

Artikkelstart

Erling Indreeide er poet. I dikt og essayistikk gjer han filosofiske undersøkingar av språk, natur, sivilisasjon og nyttetenkinga i samtida. I aforistiske språkspel og med underfundig snert kan han gjere veldige sprang mellom det abstrakte og det konkrete.

Erling Indreeide er fødd i EidsdalSunnmøre. Han tok embetseksamen i psykologi ved Universitetet i Oslo, men valde snart å arbeide med diktinga, der han utfordrar både intellektet og dei store spørsmåla. Indreeide er ein filosofisk poet.

Indreeide debuterte i 1972 med diktsamlinga Trakter. Frå og med boka Vegar, vatn og fjell (1983) markerte han seg som ein lyrikar som er noko for seg sjølv blant norske poetar. Han sprengjer sjangergrensene.

Indreeide har skrive mest dikt, men også essay, eller funderingar, som han seier, og poesi for barn – rim og leik med ord og faste vendingar. Han undersøkjer tid og natur, språket, kjærleiken og verdiane våre. Indreeide sitt litterære univers er i stor grad knytt til ein subtil sivilisasjonskritikk. Kvar går grensene for vitskapen, der kunsten må ta over? Han gjer seg òg sine lyriske refleksjonar over bibelske emne, som i diktsamlinga Gud til nytte. Gåter og dikt (1994). Ein finn overraskande innfall og koplingar i tanke og setningar hos Indreeide, der språklege grenser og faste uttrykk blir vende om med overraskande resultat: «Alle ord er med andre ord/ alltid andre ting enn dei var».

I boka Infinitivsmerke. Hjelpebok for fysikkundervisning (2014) undersøkjer Indreeide mellom anna tid og ting, natur og teknologi som filosofiske kategoriar. Indreeide har gitt ut nærmare tjue bøker.

Erling Indreeide fekk Melsomprisen for essayet Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader i 2004.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Littertaur

  • Kjell Madsen: «Tribunaliseringen og det post-sekulære i litteraturen», Kirke & Kultur nr. 1/2009
  • Øystein Rottem: «Sentrum og periferi. Erling Indreeide: 'Alt som er, er arr av det som har vore'», Norges litteraturhistorie. Vår egen tid, bd. 3. Oslo 1998

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg