Faktaboks

Ellen Einan
Fødd
5. juni 1931, Svolvær, Nordland
Død
25. mars 2013, Kabelvåg, Nordland
Ellen Einan.
Ellen Einan.
Av /NTB.

Ellen Einan var ein norsk lyrikar som framkalla dikt frå undermedvitet og skapte eit eigenarta, gåtefullt og musikalsk poetisk univers. Ho var også ein dyktig illustratør.

Bakgrunn

Ellen Einan var fødd i Svolvær (no Vågan) i Nordland. Ho voks opp på eit gardsbruk utanfor Svolvær og arbeidde heime på garden etter at ho var ferdig med grunnskulen. I ungdomsåra tok Einan teneste som gardsarbeidar og budeie fleire stader i Noreg og i Danmark, før ho reiste heim til Svolvær og stifta familie. I vaksen alder starta ho på hjelpepleiarutdanning, utan å fullføre. Einan arbeidde i mange år som pleiar ved ein aldersheim og som heimehjelp. I periodar var ho også resepsjonist på eit hotell.

Forfattarskapen

Det var først i 1977 at Einan tok til å skrive dikt. Då oppdaga ho evna til å hente fram ord og formuleringar frå undermedvitet, utan heilt å vite om kvar innhaldet i dikta kom frå. Av den grunn blir diktarmetoden hennar ofte omtala som automatskrift.

Einan debuterte i 1982 med samlinga Den gode engsøster. Fire år tidlegare hadde ho sjølv publisert ei samling med 48 stensilerte dikt under tittelen Valmuesanger fra solhuset. Samlinga er teken med i Samlede dikt (2011), redigert av Jan Erik Vold. Gjennom dei to første og mange seinare samlingar, som Jorden har hvisket (1984), Søster natt (1985), Jade for min engel (1994) og Dagen får min uro (2004), skapte Einan eit eigenarta, gåtefullt og musikalsk poetisk univers. Ho gav til saman ut 14 diktsamlingar. Sidan ho var ein god teiknar, illustrerte ho sjølv mange av bøkene sine.

Utmerkingar

Ellen Einan blei etter kvart ein anerkjend poet, og ho fekk fleire prisar for diktinga si. I 2002 fekk ho tildelt Aschehougprisen for sin samla forfattarskap. Den nordnorske Havmannprisen fekk ho i 2009 for samlinga Noen venter på bud. I 2012 fekk ho Diktartavla. Då ho same året fekk tildelt den svensk-norske Doblougprisen, stadfesta det posisjonen hennar som ein viktig samtidslyrikar i Norden.

Bibliografi

  • Samlede dikt (Dikt, Bokvennen, 2011)
  • Noen venter på bud (Dikt, Solum, 2009)
  • Dagen får min uro (Dikt, Solum, 2004)
  • Innenfor og utenfor er ett (Dikt, Solum, 1999)
  • Jade for min engel (Dikt, Solum, 1994)
  • De syv nattstegene (Dikt, Solum, 1992)
  • Døgnfargene er mørke (Dikt, 1991)
  • Hestene våker i duggtoneengen (Dikt, 1989)
  • Sene rop mellom bronsebergene (Dikt, 1987)
  • Nattbarn (Dikt, 1986)
  • Søster natt (Dikt, 1985)
  • Jorden har hvisket (Dikt, 1984)
  • Muldsøster (Dikt, 1983)
  • Den gode engsøster (Dikt, 1982)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Armstrong, Charles I.: «The Sacrifices of Ellen Einan», Scandinavian Studies nr. 2/1997. Illinois, USA 1997
  • Vold, Jan Erik: «En stripe av marmor», i Ellen Einan. Samlede dikt. Oslo 2011

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg