Mogaogrottene, Dunhuang
Mogaogrottene, Dunhuang
Lisens: CC BY SA 3.0
Varmekraftverk basert på solenergi og flytande salt, Dunhuang
Varmekraftverk basert på solenergi og flytande salt, Dunhuang
Lisens: CC BY SA 3.0

Dunhuang er ein oaseby i nordvest-Kina, i Gansuprovinsen. Byen har om lag 200 000 innbyggjarar (2019).

Historie

I store deler av det fyrste tusenåret av vår tidsrekning var byen ein viktig garnisons- og handelsby langs silkevegen. Dunhuang var også eit viktig buddhistisk sentrum med mange kloster. Dei nesten 500 Mogaogrottene med veggmaleri og statuar som har blitt grave ut er verna, nokre av dei med nesten 1500 år gamle originale veggmaleri. I grottene vart det også funne store skriftsamlingar på kinesisk, tibetansk, sanskrit og andre språk.

Dunhuang i dag

Dunhuang er ein moderne by med turistverksemd, jordbruk og noko industri. Byen er hovudkvarter for Kinas olje- og gassvirksomhet i Qinghai-provinsen. I regionen er det også stor aktivitet med energiproduksjon basert på vindenergi og solenergi.

Dunhuang har eit sentrum med breie gater med mange butikkar, hotell og restaurantar. Byen har ein moderne flyplass, og vil om kort tid vera tilknytta det kinesiske hurtigtognettet.

Den største næringa er kan hende turisme, med Mogaogrottene som den viktigaste attraksjonen. Ved grottene, og i sentrum av Dunhuang, er det fleire museer og institusjonar som viser kor viktig Dunhuang har vore opp gjennom historia.

Gateliv, Dunhuang sentrum
Gateliv, Dunhuang sentrum
Lisens: CC BY SA 3.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg