Denali

Denali
Denali, tidlegare Mount McKinley, er det høgaste fjellet i Nord-Amerika.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 2.0
Alaska

Denali sett frå Camp Denali. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Artikkelstart

Denali, tidlegare Mount McKinley, er eit fjell i delstaten Alaska i USA. Fjellet ligg i fjellkjeda Alaska Range, cirka 210 kilometer nord-nordvest for Anchorage, og er det høgaste fjellet i Nord-Amerika – 6194 meter over havet.

Faktaboks

Også kjent som
Mount McKinley

Denali ligg i den 7850 kvadratkilometer store Denali nasjonalpark (oppretta i 1917). Det blei erobra første gong 7. juni 1913 via South Summit av ein ekspedisjon leidd av Harry Karstens, som var den første direktøren for Denali nasjonalpark. Denali er rekna blant dei vakraste fjella i verda.

Fjellet fekk namnet Mount McKinley i 1896, kalla opp etter USAs 25. president, William McKinley. I 2015 blei fjellet, etter ordre frå president Barack Obama, offisielt omdøypt til Denali, som på koyukon (amerikansk urfolksspråk) betyr «den høge».

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg