Faktaboks

Berit Mørdre
Som gift heitte ho Berit Mørdre Lammedal
Fødd
16. april 1940, Nes i Akershus
Død
23. august 2016
Verke
Skiløpar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Martin Mørdre (1892–1960) og hustru Signe (1898–1958).

Gift 1969 med Harald Lammedal (17.4.1943—), ekteskapet oppløyst.

Berit Mørdre
Berit Mørdre blir boren på gullstol av Ingrid Wigernæs (til høgre), som gjekk første etappe, og Inger Aufles, som gjekk andre etappe, i VM-stafetten i Holmenkollen i 1966.
Berit Mørdre
Av /NTB Scanpix.

Berit Mørdre var ein norsk langrennsløpar frå Vestre Udnes i Nes. Ho var ei av dei første kvinnelege langrennsstjernene og den mest meritterte løparen på laget, som fekk tilnamnet Jentut’n. Som aktiv i siste halvdel av 1960-åra og byrjinga av 1970-åra fekk ho også stor betydning for utviklinga av norsk kvinneidrett generelt.

Mørdre deltok på stafettlaga som tok VM-sølv i Oslo i 1966 og som vann OL-gull i Grenoble i 1968. I Grenoble tok ho òg OL-sølv på 10 kilometer framfor lagvenninne og bronsemedaljør Inger Aufles. Desse to skulle saman med Aslaug Dahl ta OL-bronse på stafetten i Sapporo i 1972.

Berit Mørdre vann i tillegg 19 NM-gull for seniorar: seks på 5 kilometer, sju på 10 kilometer og seks i stafett. Ho vann 5 kilometer i Holmenkollrennene i 1974. Då kvinner fekk delta i Birkebeinerrennet for første gong i 1976, gjekk ho til topps. Til liks med fleire andre av Jentut’n var klubben hennar Romerikslaget IL i Oslo.

Delar av karrieren var ho gift Berit Mørdre Lammedal.

Karriere

Heilt frå 1955 vart det kåra norske meistrar i kvinnelangrenn, der mellom anna Mødrer si klubbvenninne i Romerikslaget og seinare landslagstrenar, Ingrid Wigernæs, var ein av pådrivarane. Men først nokre år seinare vart konkurransen verkeleg hard. Mørdre slo for alvor gjennom i 1965 då ho vann NM på 10 km, og var på Romerikslaget sitt gull-lag i den første NM-stafetten for kvinner.

VM i 1966

Den første internasjonale medaljen fekk Berit i 1966, då ho etter ein dramatisk sluttkamp mot svenske Toini Gustafsson sørgde for at Noreg tok sølv i VM-stafetten i Holmenkollen. Det vart eit oppgjer som framleis blir hugsa. Gustafsson starta ni sekund etter Mørdre, og tok ho igjen slik at dei hadde følgje heilt inn mot målstreken. Her fekk Mørdre kasta seg nokre millimetrer framfor, og Noreg fekk dermed sin første internasjonale langrennsmedalje i kvinneklassa.

OL i 1968

To år seinare skulle Mørdre feire sin aller største internasjonale triumf. Saman med Inger Aufles og Babben Enger vann ho olympisk gull under stafetten i Grenoble. Mørdre vart sendt av garde på siste etappe med 16 sekunds forsprang til det svenske laget, men med beste etappetid kunne ho auke leiinga med fem sekund og gå i mål 21 sekund framfor dei blå-gule. Mørdre tok sølv på 10 km – den første individuelle langrennsmedaljen til ei norsk kvinne i eit internasjonalt meisterskap.

Andre høgdepunkt

Foto av kvinne bak pult med mikrofon framfor seg.
Berit Mørdre på pressekonferanse etter OL-sølvet på 10 km i OL i Grenoble i 1968.
Foto av Berit Mørdre
NTB.

Mødrer sin kamp mot svenskane var ikkje slutt. I Svenska Skidspelen i Falun i 1969 vart det ein ny knivskarp spurtduell i stafetten – eit oppgjer som enda med norsk siger og ein ny triumf for Mørdre. Under OL i Sapporo i 1972 var Berit Mørdre Lammedal med på det norske laget som fekk bronse, denne gongen heilt utan dramatikk. Mørdre kan for øvrig sjå tilbake på triumfar som siger på 10 km i Svenska Skidspelen i 1971 og 5 km i Holmenkollen i 1974. Same året vart ho nr. seks i VM på 10 km, stendig som Noregs beste.

Mørdre vann også Birkebeinerrennet i 1976, det første året kvinner fekk delta. Då starta ho i eldste klasse, men slo vinnaren av yngste klasse med over åtte minutt.

Utmerkingar

For innsatsen hennar i skisporet vart Berit Mørdre Lammedal heidra med Holmenkollmedaljen i 1971. Ho var då den første norske kvinnelege langrennsløparen som fekk denne utmerkinga, og det skulle gå 12 år før Berit Aunli som den neste fekk den høgste utmerkinga i skisporten. Berit Mørdre har etter skikarrieren vore politiførstebetjent i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg