Faktaboks

Inger Aufles

Inger Reidun Døving

Fødd
29. mai 1941, Norddal
Inger Aufles
Inger Aufles i aksjon på 10 km under NM i 1969.
Inger Aufles
Av /NTB Scanpix.

Inger Aufles er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå ValldalSunnmøre. Ho var ein av dei første stjernene i norsk kvinnelangrenn og del av laget som fekk tilnamnet Jentut'n. Aufles deltok på stafettlaga som tok VM-sølv i Oslo i 1966 og som vann OL-gull i Grenoble i 1968.

I Grenoble tok ho òg OL-bronse på 10 kilometer bak lagvenninne og sølvmedaljør Berit Mørdre. Desse to skulle saman med Aslaug Dahl ta OL-bronse på stafetten i Sapporo i 1972.

Inger Aufles blei elles noregsmeister på 10 kilometer i 1968 og 5 kilometer i 1969. Klubben hennar var Kjærstad IL, Mosjøen.

I 1968 blei ho tildelt Porsgrunds Porselænsfabriks ærespris for kvinner.

Berit Mørdre

Berit Mørdre blir boren på gullstol av Ingrid Wigernæs (til høgre) som gjekk 1. etappe, og Inger Aufles som gjekk 2. etappen under VM-stafetten i Holmenkollen i 1966.

Berit Mørdre
Av /NTB Scanpix.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg