Johannes Anfinn Aanderaa

Faktaboks

Johannes Anfinn Aanderaa
Johs. Aanderaa
Født
6. november 1927, Narvik
Død
2. juni 1991, Asker

Artikkelstart

Johannes Anfinn Aanderaa var ein norsk forlagsmann og embetsmann.

Aanderaa var programsekretær i NRK i frå 1954 til 1958 og forlagssjef i Det Norske Samlaget frå 1958 til 1972. I 1972 vart han utnemnd til ekspedisjonssjef i den nyoppretta kulturavdelinga til Kyrkje- og undervisningsdepartementet (seinare Kultur- og vitskapsdepartementet). Aanderaa var utdanna som bibliotekar.

Aanderaa var med i ei rekkje utval innan kultursektoren og var ein hovudarkitekt i utforminga av norsk kulturpolitikk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg