Faktaboks

Anne Weider Aasen
Fødd
2. november 1973, Seoul, Sør-Korea

Anne Weider Aasen er ein norsk redaktør og medieleiar. Ho er frå 2024 nyheitssjef i NRKs nyheitsdivisjon. Weider Aasen er frå 2020 også leiar i Pressens Faglige Utvalg (PFU).

Anne Weider Aasen tok i 1998 eksamen ved Journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo (nå OsloMet – storbyuniversitetet). Ho tok etterpå bachelorgrad med fordjuping i engelsk og kinesisk språk ved Universitetet i Oslo.

Weider Aasen arbeidde i heile perioden 1998-2024 i TV 2, først som politisk reporter, frå 2012 som kveldsredaktør og frå 2019 som redaksjonssjef og leiar for samfunnsavdelinga.

Ho er gift med Bjørn Kristoffer Bore, sjefredaktør i Vårt Land.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg