Ørnevegen sett i frå Dalsnibba
Ørnevegen sett i frå Dalsnibba
Av /Simo Räsänen.

Ørnevegen er ein del av av fylkesveg 63 i Stranda kommune, Møre og Romsdal fylke. Den ligg mellom Eidsdal og Geiranger på nordsida av Geirangerfjorden.

Historikk

Vegen vart åpna i 1955 og gav Geiranger heilårs vegsamband. Ørnevegen vart også eit turistmål på vegen til og frå Geiranger. Samlet lengde på Ørnevegen frå Geiranger sentrum til Oppskredtunellen i Eidsdalen i Fjord kommune er 55 km. Veganlegget over fjellet vart opna i 1955. Den særleg rasutsette delen øvst i Eidsdalen blir erstatta med ein 4,8 kilometer lang tunnel i 2023 som ein del av det å halde vegsambandet open heile året.

Namnet

Vegen har navnet Ørnevegen etter den bratte fjellsida med flog med reirstader for ramn og ørn. Ørnevegen har 11 hårnålsvingar langs den stupbratte fjellsida frå Grande nede ved Geirangerfjorden opp til vegens høgste punktet, Korsmyra (620 meter over havet) mot Eidsdal. Midt i stigninga i Ørnesvingen vart det bygd eit utsiktpunkt i samband med ei vegopprustning i 2006. Langs med heile vegen er det busetnad i form av gardsbruk som har karakteristiske små markar med oppbygde terrassar. Vegen er en del av Nasjonale turistveger.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg