Skjoldastraumen sluse.
Skjoldastraumen sluse.

Skjoldastraumen er den trongaste delen av Skjoldafjorden i Tysvær kommune, Rogaland.

Her er fjorden så grunn og straumen så kraftig at ei sluse har vore naudsynt for å få større båtar gjennom. Slusa vart opna i 1908 og er seinare modernisert og restaurert; ho er i dag 42 meter lang, 6,9 meter brei og 3,5 meter djup. Slusa er utstyrt med to portar i kvar ende slik at han kan brukast når vasstraumen går i båe retningar. Slusa i Skjoldastraumen er ein av to saltvassluser her i landet. Den andre er Lindås sluser (sjå Alver). Slusa i Skjoldastraumen er den einaste som er i vanleg bruk.

Over Skjoldastraumen går fylkesveg 515 AksdalNedstrand. På austsida møter han fylkesveg 513 som går langs austbreidda av Skjoldafjorden nordover til Solheim på E 134.

Skjoldastraumen kyrkje ligg like nordvest for sluseanlegget. Det er ei langkyrkje i tre frå 1910 og ligg i Nedstrand sokn.

Kart

Skjoldastraumen
Skjoldastraumen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg