Tysvær er ein kommune i Rogaland fylke, på Haugesundshalvøya (Haugalandet), aust for Haugesund. Tysvær ligg mellom Boknafjorden (Nedstrandsfjorden) i sør og grensa mot Vestland fylke (Sveio kommune) i nord, og har vestgrensa si i Førresfjorden, ein nordgåande arm av Boknafjorden. I nordaust strekkjer kommunen seg til Grindafjorden og Skjoldafjorden og i søraust til Yrkjefjorden og Vindafjorden, også desse nordgåande armar av Boknafjorden. Hele artikkelen