Volda er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen fekk nye grenser frå 1. januar 2020 etter at dei tidlegare kommunane Volda og Hornindal vart slått saman til nye Volda kommune som del av kommunereforma. Hornindal bytte samtidig fylke frå Sogn og Fjordane til Møre og Romsdal. Den nye kommunen består frå 2020 av to skilde naturgeografiske delar som blir knytte saman gjennom Kvivsvegen og Kvivstunnelen under fjellet Kviven frå Austefjorden til Hornindal. Hele artikkelen