Venussolfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Venussolfugl er ein liten sporvefugl i solfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cinnyris venustus
Beskriven av
(Shaw, 1799)

Som vaksen veg fuglen rundt sju gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna tørr savanne, tørr tropisk buskmark, jordbruksland, urbane område, og tørr og fuktig tropisk skog.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 14 dagar. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

venussolfugl
Cinnyris venustus
Artsdatabanken-ID
184601

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg