Veggball er ein leik der ein kastar ein ball mot ein vegg og grip den på ulike måtar. Veggball var tidlegare utbreidd over heile landet, og hadde fleire lokale namn. I Telemark vart den til dømes kalla hysse ball, og i SykkylvenSunnmøre ti-ni-amen. Leiken var i hovedsak ein jenteleik.

Reglar

Ballen skulle ha litt sprett, og skulle helst vere så liten at ein kunne ta imot den med éi hand. Reglane for veggball kunne vere litt ulike fra stad til stad. Ein kunne til dømes kasta ballen mot veggen, klappe i hendene bak ryggen, og gripe ballen igjen. Neste gong skulle ein klappe to gongar i hendene, deretter tre gonger. Deretter skulle ein for eksempel kaste ballen under kneet, slå den med flat hand, slå den med knytta neve, kaste og snu seg rundt før ein greip ballen igjen, og så vidare. I varianten frå Sykkylven starta ein med folda hender, difor namnet ti-ni-amen.

Kvar omgang vart kalla ein tur, og det var ofte 10–12 ulike turar i denne leiken.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Stemshaug, Marit og Ola: Dette leika vi med. Norske leiker fra dei eldste tider til vår tid. Samlaget 2004.
  • Enerstvedt, Åse: Tampen brenn. Norske barneleikar. Samlaget 1982.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg