Kontradans er det norske namnet for ei gruppe turdansar eller formasjonsdansar som vaks fram først i England og så i Frankrike på 16- og 1700-talet. I den engelske gruppa var formasjonen på to rekker spesielt viktig, og i den franske var firkantformasjonen viktigast. Det norske namnet viser til formasjonsdansar av denne typen generelt.

Faktaboks

Uttale
kˈontradans
Etymologi
fra fransk contre ‘danse mot hverandre’

Dansane fanst i tallause versjonar i heile den vestlege verda, og medan dei blei brukte særleg av overklassen medan dei var viktige motedansar på 1700- og 1800-talet, vart dei også folkedansar i mange land, til viss grad også i Noreg.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg