Trostehauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Trostehauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Mellom-, Nord- og Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Accipiter cooperii
Beskriven av
(Bonaparte, 1828)

Som vaksen er fuglen ca. 40 cm lang, hannfuglar veg rundt 340 gram og hofuglane rundt 530 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna temperert skog, hagar, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, og tropisk fjellskog. Trostehauk lever av små varmblodige dyr som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Trostehauk lever vanlegvis i rundt 12 år, men enkelte individ kan bli opptil 20 år gamle.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

trostehauk
Accipiter cooperii
Artsdatabanken-ID
175345

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg