Faktaboks

Matoma

Tom Stræte Lagergren

Fødd
29. mai 1991, Åsnes, Hedmark
Matoma
Matoma (Tom Stræte Lagergren) under konsert i foajeen i Den Norske Opera & Ballett, 12. februar 2016.
Av /NRK.
Lisens: CC BY SA 2.0

Matoma er ein norsk produsent, DJ og EDM-artist innan sjangeren tropisk house.

Bakgrunn

Artisten er fødd 29. mai 1991 under namnet Tom Stræte Lagergren og kjem frå Åsnes i Hedmark. Han har ein bachelorgrad i musikkteknologi frå NTNU.

Musikk

Lagergren slapp debutplata si Hakuna Matoma i 2015. Både på norske og internasjonale hitlister har Matoma markert seg med hits som Old Thing Back (2014), Try Me (2015) og False Alarm (2016). Han har også remiksa fleire kjende låtar og samarbeid med artistar som The Notorious B.I.G, Ja Rule, Astrid S, Nico & Vinz, Akon og Jennifer Lopez. Musikken til Matoma har over 800 millionar strømmingar på Spotify.

Merittar

Matoma turnerer omfattande både i Europa og USA. I 2016 opptrådde artisten på VG-lista på Rådhusplassen og avslutta prisutdelinga P3 Gull. Same året spelte han også på dei sentrale musikkfestivalane Coachella og Tomorrowland. Han er den einaste popartisten som har fått spele på klokkespelet i Oslo rådhus. Matoma byrja som dommar/mentor i The Voice på TV2 i den sjette sesongen av programmet (2021).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg