Toppørn
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Toppørn er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Lophaetus occipitalis
Beskriven av
(Daudin, 1800)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 1,1 kilo og hofuglane rundt 1,4 kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tørr savanne, jordbruksland, overfløymd tropisk grasmark og myr. Toppørn er ein jegar som lever av små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 42 dagar. Ungane forlèt reiret om lag åtte veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

toppørn
Lophaetus occipitalis
Artsdatabanken-ID
175249

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg