Tomatparasollfugl
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY 3.0

Tomatparasollfugl er ein fugl i kotingafamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Costa Rica og Panama.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Cephalopterus glabricollis
Beskriven av
Gould, 1851

Vaksne hannar veg rundt 450 gram og hofuglane rundt 320 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Tomatparasollfugl lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i skogen og i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen eitt egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tomatparasollfugl
Cephalopterus glabricollis
Artsdatabanken-ID
180485

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg