Eit tingsrettslig sameige er ein måte to eller fleire personar (fysiske eller juridiske, offentlege eller private) kan eige ein eller fleire formuesgjenstandar på.

Faktaboks

Også kjend som

bokmål tingrettslig sameie

Eit tingsrettslig sameige er ikkje ein juridisk person, slik som til dømes eit aksjeselskap, ansvarleg selskap eller ei foreining er. Sameiget har dimed ingen rettar eller pliktar, fordi det er sameigarane som er ansvarleg.

Sameigarane har delt ansvar og eig ein ideell del kvar. Dersom det blir drive næringsverksemd i sameiget, er det ikkje eit tingsrettslig sameige, men eit selskap som må registrerast i Føretaksregisteret. Dette er regulert av selskapslova.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg