Tannglente
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Tannglente er ein liten rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Harpagus bidentatus
Beskriven av
(Latham, 1790)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang, hannfuglar veg rundt 190 gram og hofuglane rundt 260 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, tropisk fjellskog og tørr savanne. Tannglente lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

tannglente
Harpagus bidentatus
Artsdatabanken-ID
175284

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg