Svartpannehokko
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Svartpannehokko er ein stor hønsefugl i hokkofamilien og har naturleg utbreiing i Argentina, Brasil og Paraguay.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Pipile jacutinga
Beskriven av
(von Spix, 1825)

Som vaksen er fuglen ca. 70 cm lang og veg rundt 1,2 kilo.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, og elvar og bekker. Svartpannehokko lever av frukt og virvellause dyr (invertebratar) som han finn i buskar og i tre.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svartpannehokko
Pipile jacutinga
Artsdatabanken-ID
174385

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg