Svartkrontrane er ein stor tranefugl i tranefamilien og har naturleg utbreiing i Vest- og Aust-Afrika.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Balearica pavonina
- Beskriven av
- (Carl von Linné, 1758)
Som vaksen veg fuglen rundt 3,6 kilo.
Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna overfløymd, tørr og høgtliggjande tropisk grasmark, ulike våtmarkshabitat, kystnære ferskvassinnsjøar, jordbruksland og ulike menneskeskapte akvatiske habitat. Svartkrontrane lever i hovudsak av virvellause dyr (invertebratar), plantedelar og vekselvarme virveldyr som han finn i vassoverflata og på bakken.
Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 30 dagar. Ungane forlèt reiret om lag ni veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av fire til fem år.
Svartkrontrane lever vanlegvis i rundt 13 år.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.