Svartkronelerke
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Svartkronelerke er ein middels stor sporvefugl i lerkefamilien og har naturleg utbreiing i Midtausten, Afrika og Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Eremopterix nigriceps
Beskriven av
(Gould, 1839)

Vaksne hannar veg rundt 15 gram og hofuglane rundt tolv gram.

Arten er knytt til tørr tropisk grasmark. Svartkronelerke lever av frø og virvellause dyr (invertebratar) som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svartkronelerke
Eremopterix nigriceps
Artsdatabanken-ID
182116

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg