Svartflankefalkonett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Svartflankefalkonett er ein fugl i falkefamilien og ein av dei minste rovfuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Microhierax fringillarius
Beskriven av
(Drapiez, 1824)

Som vaksen er fuglen ca. 15 cm lang og veg rundt 43 gram.

Arten er knytt til jordbruksland, og tørr og fuktig tropisk skog. Svartflankefalkonett er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og små varmblodige dyr som han fangar i buskar og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fem egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svartflankefalkonett
Microhierax fringillarius
Artsdatabanken-ID
178475

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg