Svalefalk er ein liten rovfugl i falkefamilien og har naturleg utbreiing i Sørlege og Aust-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Falco fasciinucha
Beskriven av
Reichenow & Neumann, 1895

Som vaksen er fuglen ca. 28 cm lang, hannfuglar veg rundt 210 gram og hofuglane rundt 310 gram.

Arten er knytt til tørr tropisk skog, fjellsider og knausar, jordbruksland, tørr savanne og tørr tropisk buskmark. Svalefalk lever av små varmblodige dyr som han fangar i buskar, i tre og i lufta.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg som blir ruga ut i løpet av ca. 26 dagar. Ungane forlèt reiret om lag fem veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

svalefalk
Falco fasciinucha
Artsdatabanken-ID
178506

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg