Strømtyrannulett
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Strømtyrannulett er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør- og Mellom-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Serpophaga cinerea
Beskriven av
(Tschudi, 1844)

Som vaksen veg fuglen rundt åtte gram.

Arten er knytt til elvar og bekker, fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Strømtyrannulett lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 18 dagar. Ungane forlèt reiret om lag to veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

strømtyrannulett
Serpophaga cinerea
Artsdatabanken-ID
179984

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg