Artikkelstart
Storvesir var tittelen på regjeringssjefen i fleire muslimske land, mest kjend frå Det osmanske riket.
Faktaboks
- Etymologi
- fra arabisk wazir
- Også kjent som
-
storvisir
tyrkisk: sadrazam, 'den høye president'
engelsk: Grand vizier
Vesir var frå tidleg islamsk tid ein tittel for ministrane til kalifar og sultanar. I Det osmanske riket var storvesiren den absolutte representanten for sultanen og fekk besegle dokument med hans signetring, men den verkelege makta til storvesiren varierte etter kva energi og kraft som låg hos monarken. Storvesiren førte framsetet i ministerrådet. Embetet vart avskaffa av Mustafa Kemal saman med sultanatet i 1922.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.