Stornebbvanga
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Stornebbvanga er ein stor sporvefugl i hjelmvarslarfamilien og finst på Madagaskar.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Euryceros prevostii
Beskriven av
Lesson, R, 1831

Vaksne hannar veg rundt 110 gram og hofuglane rundt 86 gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog og tropisk fjellskog. Stornebbvanga er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken, i skogen og i buskar.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

stornebbvanga
Euryceros prevostii
Artsdatabanken-ID
181203

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg