Springdans er namn på norske bygdansformer i tredelt takt.

Faktaboks

Etymologi

av springe (norrønt springa) 1 fare snøgt fram på føtene; laupe, renne2 bykse, hoppe, sprette

Også kjend som

springar, springedans, spring

Etter gammalt var namnet brukt i det meste av Noreg sør for Dovre, til liks med nokre få bygder i Trøndelag og nørst i Hedmark. Unnatak er namnet Gammalt i Nordfjord og namn som pols(dans) i det meste av tidlegare Hedmark fylke, og på Nordmøre, og Runnom i Engerdal og Trysil. I resten av landet, det vil si Trøndelag og Nord-Noreg blir dei tilsvarande tredelte bygdedansformene kalla pols eller polsdans.

Det er mange store skilnader mellom dei norske bygdedansformene i tredelt takt, men knapt noko som tydeleg kan skilja alle springdansformer frå alle polsdansformer. Mange springdans- og polsdansformene på Austlandet har assymetrisk takt, det vil seia at dei tre taktslaga har litt ulik lengde. På Sør-Vestlandet, frå Nordfjord og sørover har springaren udelt takt. Det vil seia at musikken ofte ikkje markerer dei tre taktslaga i ein takt systematisk ulikt. Slikt blir preget jamnt og dansarane grupper stegamønstra sine fritt over eitt, to, tre eller fire taktslag. Det er tilhøvet mellom dansen og musikken vi her kallar udelt.

Dei fleste stader har det vore vanleg at para flytter seg etter kvarandre rundt golvet mot sola både i springdans og polsdans.

Den tredelte norske bygdansen, særleg i område der ein brukar namnet springdans/springar har påfallande likskapar med austerrikske og sør-tyske ländlerformer.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg