Somalitrappe er ein stor fugleart i trappefamilien og har naturleg utbreiing i Aust-Afrika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Neotis heuglinii
Beskriven av
(Hartlaub, 1859)

Vaksne hannar veg rundt seks kilo og hofuglane rundt 2,8 kilo.

Arten er knytt til tørr tropisk buskmark, tørr tropisk grasmark og varm ørken. Somalitrappe er i stor grad altetande og lever mellom anna av virvellause dyr (invertebratar), frukt og plantedelar som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

somalitrappe
Neotis heuglinii
Artsdatabanken-ID
175439

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg