Solgumptyrann
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Solgumptyrann er ein liten sporvefugl i tyrannfamilien og har naturleg utbreiing i Sør-Amerika.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Myiobius barbatus
Beskriven av
(zu Wied-Neuwied, 1821)

Som vaksen veg fuglen rundt elleve gram.

Arten er knytt til fuktig tropisk skog, og elvar og bekker. Solgumptyrann lever av virvellause dyr (invertebratar) som han fangar i buskar.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 22 dagar. Reira blir bygd i hôlrom. Ungane forlèt reiret om lag tre veker etter klekking.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

solgumptyrann
Myiobius barbatus
Artsdatabanken-ID
180189

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg