Sokotravåk er ein stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Jemen.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Buteo socotraensis
Beskriven av
Porter & Kirwan, 2010

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt éin kilo og hofuglane rundt 1,3 kilo.

Arten er knytt til tørr savanne, høgtliggjande og tørr tropisk buskmark, og fjellsider og knausar.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg som blir ruga ut i løpet av ca. 33 dagar. Ungane forlèt reiret om lag sju veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Sokotravåk lever vanlegvis i rundt åtte år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

sokotravåk
Buteo socotraensis
Artsdatabanken-ID
175424

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg